Herde Kompositt blir del av Ovum AS

Herde Kompositt, som har produsert pilot-Egget® og no produserer egg nummer to, blir heretter sentral i Ovums satsing på flytande lukka teknologi. Ovum overtek alle aksjane i HAFS Holding, som igjen eig alle aksjane i Herde Kompositt.

Ovum og Herde Kompositt har jobba godt saman over tid, og no satsar vi for fullt saman. Herde Kompositt vil tilføre Ovum betydeleg konkurransekraft gjennom sin produksjonskompetanse.

Dagleg leiar i Ovum, Cato Lyngøy

Etter ei tid med mykje usikkerheit har eit breitt fleirtal på Stortinget endeleg bestilt ei miljøfleksibilitetsordning. Det er store forventningar til ordninga. Vi står framfor ein markert retningsendring i havbruksnæringa, der flytande lukka teknologi som Egget® vil gje eit avgjerande bidrag.

Vi er veldig glade for denne løysinga og gler oss til at samarbeidet blir meir formalisert.

Dagleg leiar i Herde Kompositt, Kim Røssland